1Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne: 2«De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.» 3Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas - 4og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel. 5«Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.» 6Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, 7kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords. 8Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til? 9Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.» 10Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg. 11Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid. 12Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi. 13Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.» 14Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne 15og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom. 16Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira. 17Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?» 18Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»» 19Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet. 20Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv. 21Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?» 23«Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus. 24«Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.» 25Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han. 26Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.» 27Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle! 28Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne. 29Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.» 30Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.» 32Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.» 33Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.» 34«Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.» 35Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne. 36So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!» 37Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast. 38So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!» 39Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» 40Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg! 41Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.» 42So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!» 43Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn. 44Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni. 45So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender. 46Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.» 47Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne. 48Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!» 49Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom. 50Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom. 51Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten. 52Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet. 53Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar? 54Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?» 55I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. 56Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom. 57Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla. 58Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk. 59Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; 60men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde: 61«Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»» 62Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?» 63Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?» 64Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.» 65Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi. 66Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy,» svara dei. 67So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar, 68og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?» 69Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.» 70Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.» 71So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.» 72Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.» 73Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.» 74Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen. 75Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.