1Det er alt mange som hev teke seg til å setja upp ei fråsegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjå oss, 2so som dei hev bore det fram dei som frå fyrsten var augvitne og ærendsveinar åt ordet. 3Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel frå grunnen og so skriva det upp åt deg, gjævaste Teofilus - stykke for stykke, soleis som det heng saman, 4so du kann sjå kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt. 5I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet. 6Båe var dei rettferdige for Gud; dei fylgde alle Herrens bod og fyresegner, og ingen kunde finna noko å lasta deim for. 7Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ’kje barnkjømd, og dei var båe fram i åri. 8So var det ein dag Zakarja gjorde prestetenesta for Gud; for turen var komen til hans lag, 9og då dei drog strå, som visi er millom prestarne, fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet, 10med heile folkemengdi stod utanfor og bad i røykoffertimen. 11Då fekk han med ein gong sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida åt røykofferaltaret. 12Då Zakarja såg engelen, stokk han, og det kom ein otte yver honom. 13Men engelen sagde til honom: «Ver ikkje rædd, Zakarja! Gud hev høyrt bøni di; du og Elisabet, kona di, skal få ein son, og du skal kalla honom Johannes. 14Då vert du både glad og fegen, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15For han skal vera stor i Herrens augo; han skal ikkje drikka vin eller sterke drykkjer, og alt ifrå morsliv skal han fyllast av den Heilage Ande. 16Mange av Israels-sønerne skal han venda um til Herren, deira Gud, 17og sjølv skal han ganga fyre honom i Elias ånd og kraft, og venda hjarto åt federne um til borni, og dei ulyduge til den hug som bur i rettferdige menner, so han kann vinna Herren eit vel fyrebutt folk.» 18«Korleis kann eg vita um dette er sant?» sagde Zakarja til engelen; «eg er då ein gamall mann, og kona mi er og fram i åri.» 19Då svara engelen: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send hit og skal tala med deg og bera dette gledebodet til deg. 20Og no skal du ljota tegja, og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender, for di du ikkje trudde meg; men det eg hev sagt, skal sannast når tidi er komi.» 21Medan stod folket og venta på Zakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet. 22Men då han kom ut, og ikkje kunde tala med deim, skyna dei at han hadde set ei syn i templet; sjølv nikka han og gjorde teikn til deim, men var og vart mållaus, 23og då tidi for tempeltenesta hans var ute, for han heim att. 24Eit bil etter hende det at Elisabet, kona hans, vart med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og sagde: 25«Soleis hev Herren laga det for meg då tidi var komi at han i nåde vilde taka burt skammi mi millom folk.» 26Då det leid på sette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som dei kallar Nasaret, 27åt ei møy som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids-ætti, og møyi heitte Maria. 28Då engelen kom inn til henne, sagde han: «Guds fred, du som hev fenge slik nåde! Herren er med deg! Velsigna er du millom kvinnor!» 29Ved desse ordi stokk ho, og tenkte med seg: «Kva er dette for ei helsing?» 30Men engelen sagde til henne: «Ver ikkje rædd, Maria! Du hev funne nåde hjå Gud! 31Du skal verta med barn og få ein son, og kalla honom Jesus. 32Han skal vera stor og kallast son åt den Høgste, og Herren Gud skal gjeva honom kongsstolen åt David, ættfaren hans; 33han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» 34«Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria. 35«Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son. 36Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden; 37for ingen ting er umogeleg for Gud.» 38Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att. 39Straks etter tok Maria av stad, og for so fort ho kunde upp i fjellbygderne, til ein by i Judaland; 40der gjekk ho inn i huset åt Zakarja og helsa på Elisabet. 41Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi hennar Maria, hoppa fostret i livet hennar; og ho vart fyllt av den Heilage Ande, 42og kvad med høg røyst: «Velsigna vere du i kvendeflokk, velsigna det du under beltet ber! 43Kvi skal det timast meg so store ting at mor åt Herren min kjem hit til meg? 44For då di helsing nådde øyra mitt, då hoppa fostret i mitt liv av frygd. 45Ja, sæl er ho som leit på Herrens ord, at det han hadde lova, laut gå fram!» 46Og Maria svara: «Mi sjæl høglovar Herren, 47mitt hjarta gleder seg i Gud, min frelsar! 48Han tenkte på si ringe tenestkvinna! For ifrå denne stund skal alle ætter kalla meg for sæl. 49Stort er det han for meg hev gjort den Megtige, og heilagt er hans namn; 50frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom. 51Velduge verk so gjer hans sterke arm; storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds-hug; 52han støyter hovdingar frå høgsæte og lyfter låge upp; 53Hungrige mettar han med gode gåvor, og rikingar rek han tomhendte burt. 54Han sytte vel for Israel, sin svein; til evig tid han minnast vil - 55So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.» 56Maria vart verande hjå henne um lag tri månader; sidan for ho heim att. 57So kom tidi at Elisabet skulde eiga barn, og ho åtte ein son. 58Og då grannarne og skyldfolket høyrde kor stor ein nåde Herren hadde vist henne, vart dei glade og ynskte henne til lukka. 59Åtte dagar etter kom dei og skulde umskjera guten; men då dei vilde kalla honom Zakarja etter faren, 60tok mor hans til ords og sagde: «Nei, han skal heita Johannes!» 61«Det er ingen i ætti som heiter so,» svara dei, 62og dei gjorde teikn til faren, kva han vilde guten skulde kallast. 63Då bad han um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans!» Alle undra seg; 64men i det same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud. 65Då kom der ein otte på alle dei som budde der ikring; i heile Judaheidi vart alt dette mykje umtala, 66og kvar den som høyrde det, tok det til minnes og sagde: «Kva tru den guten er etla til?» For Herren heldt si hand yver honom. 67Men Zakarja, far hans, vart fyllt av den Heilage Ande, og han tala profetord og kvad: 68«Velsigna vere Herren, Israels eigen Gud! Til lyden sin han lydde, og løyste deim or band; 69ei frelsarmagt vekt’ han oss upp, ei veldug, uti Davids ætt, som var hans trugne svein - 70Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde: 71Frå fiendarne frelsa, frå kvar ei hatarhand! 72Han vil federn’ våre vel, og kom i hug den heilage og støde pakti si, 73den eid han hadde svore vår ættfar, Abraham. 74Han vilde ut oss fria or fiendsmagt og fiendsvald, so me han utan rædsl’ og rygd, 75i rettferd og med heilag hug kann tena all vår tid. 76Du og, min son, skal kallast Allhøge Guds profet, skal fyre Herren fara, og rydja vel hans veg, 77og læra lyden hans å sjå frelsa, dei finna skal når han all deira synd forlet. 78For miskunnsam av hjarta er han, vår gode Gud, ei stjerna let han skina for oss frå himmelhøgd, 79Lysa for deim som sit i myrkr og daudsens skodd, og styra inn på velferds-veg vår fot.» 80Og guten voks og vart sterk i åndi; han heldt seg i øydemarkerne til tidi kom då han skulde førast fram for Israel.