1Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde: 2«Kor lenge vil du tala so og lata ordi storma fram? 3Kann Gud vel rengja det som rett er? Kann Allvalds-Gud vel rengja rettferd? 4Hev dine søner synda mot han, gav han deim deira synd i vald. 5Um du søkja til din Gud, og beda Allvalds-Gud um nåde, 6er du då rein og utan svik, då vil han vakna upp for deg og reisa nytt ditt rettferdshus, 7Um og di fortid vesall var, so mykje større vert di framtid. 8Ja, spør deg for hjå farne ætter, agt på kva federne fann ut. 9- Me inkje veit, er frå i går; vårt liv ein skugge er på jordi - 10dei skal deg læra, gjeva svar med ord ifrå sitt hjartedjup: 11«Veks sevet vel på turre land? Trivst storren der som vatnet vantar? 12Enn stend det grønt, vert ikkje skore, då visnar det fyrr anna gras.» 13So gjeng det deim som gløymer Gud; og voni glepp for gudlaus mann. 14Hans tillit sunderskori vert, hans tiltru vert til kongurvev; 15Det hus han styd seg til, det dett; det som han triv til, stend ’kje fast. 16Han saftfull veks, med soli skin; hans greiner yver hagen heng, 17og roti kring steinrøysar smett, og smyg seg inn imillom steinar. 18Men vert han riven frå sin stad, so hugsar staden han ei meir. 19Sjå det er gleda på hans veg; or moldi skyt ein annan fram. 20Men Gud vanvyrder ei den reine; dei vonde tek han ei i handi. 21Han enn din munn med lått skal fylla og lipporne med gledesong; 22men skammi klæda skal din fiend’; gudløysetjeld finst ikkje meir.»