1Og Elihu tok til ords og sagde: 2«Vismenner, høyr på ordi mine! Kunnige folk, lyd no på meg! 3For ordi prøver ein med øyro, som ein med gomen maten smakar. 4So lat oss no det rette velja og saman finna ut det gode! 5For Job hev sagt: «Eg skuldfri er; min rett hev Gud ifrå meg teke; 6tråss i min rett, stend eg som ljugar, uskuldig fekk eg ulivssår.» 7Finst det vel nokon mann som Job? som gløyper hædings ord som vatn, 8som held med illgjerdsmenner lag, hev umgang med gudlause folk? 9For han hev sagt: «Kva gagnar det ein mann å vera ven med Gud?» 10Difor, de menn med vit, høyr meg! D’er langt frå Gud å vera gudlaus, frå Allvalds-Gud å gjera urett. 11Han løner mannen for hans gjerd, fer med han etter all hans ferd. 12Nei, urettferdig er ’kje Gud, og Allvald krenkjer ikkje retten. 13Kven let vel honom styra jordi? Og kven hev grunna jordheims-kringen? 14Um han på seg åleine tenkte og drog sin ande til seg att, 15då gjekk alt livande til grunns, og menneskja vart atter mold. 16Um du er klok, so høyr på dette, og lyd på ljoden av mitt ord! 17Kann ein som hatar retten, styra? Fordømer du den allrettvise? 18Kann ein til kongen segja: «Niding!» Og til dei megtige: «Du brotsmann?» 19Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle? 20Dei andast brått og midt um natti, eit folk avjagast og kverv burt, stormenn forgjengst i hjelpeløysa. 21Hans augo ser til mannsens ferd, han skodar kvart eit stig han tek; 22det finst ’kje skugge eller myrker der illgjerdsmenn kann løyna seg. 23Han tarv ’kje lenge sjå på mannen fyrr han lyt møta Gud til doms. 24Han utan forhøyr storfolk krasar og andre set i deira stad. 25Han kjennar heile deira verk og gjev um natti deim til tyning. 26Han tuktar deim som illgjerdsmenner, ein stad der alle kann det sjå, 27dei som hev vike burt frå han og ikkje hev hans vegar fylgt - 28so han kann høyra armods klaga og jammerskrik frå undertrykte. 29Fær han det stilt, kven vil fordøma? Løyner han seg - kven kann då sjå han? - for folkemugen og for mannen, 30so ikkje gudlaus mann skal råda og vera snaror yver folket. 31For segjer ein vel so til Gud: «Ovmodigt hev eg bore meg; eg vil ikkje lenger vera vond. 32Vis du meg det eg ikkje ser! hev eg gjort synd, vil eg snu um?» 33Skal han då straffa som du tykkjer? D’er du som er den misnøgde; so lyt du velja, ikkje eg; og du fær segja det du veit. 34Dei kloke folk vil segja til meg, og kvar ein vismann som meg høyrer: 35«Job talar ikkje med forstand hans ord er utan ettertanke.» 36Gjev Job må allstødt verta prøvd for sine svar på nidings vis! 37For han legg brotsverk til si synd og ber seg vyrdlaust millom oss, og talar mange ord mot Gud.»