1Men høyr no, Job, på talen min, lyd vel på alle mine ord! 2Sjå eg hev opna mine lippor, og tunga talar i min munn. 3Frå ærlegt hjarta kjem min tale, rein kunnskap lipporne ber fram. 4Guds ånd er det som meg hev skapt, og Allvalds ande gjev meg liv. 5Um du det kann, so gjev meg svar! Væpna deg mot meg, og stig fram! 6Eg er din likemann for Gud, eg og av leiret forma er. 7Du tarv ’kje vera rædd for meg, min trykk skal ikkje tyngja deg. 8Men du hev sagt for øyro mine - eg høyrde ljoden av ditt ord -: 9«Eg skuldfri er og utan synd, eg flekkfri er og utan skuld; 10men han fører uvensgrunnar mot meg og held meg for sin fiendsmann; 11han legg i stokken mine føter og vaktar alle mine vegar.» 12Men du hev urett, svarar eg; Gud større er enn menneskja. 13Men kvifor vil du klaga på han: Han aldri svarar i sin sak? 14På eit vis talar Gud, ja tvo, um enn dei ikkje agtar på det. 15I draumar og i syn ved natt, når tunge svevnen fell på folk, når dei på lægjet ligg og blundar, 16då let han øyro upp på folk, og innsiglar åtvaring til deim, 17for burt frå synd å driva mannen, og rydja ovmod ut or honom 18og berga sjæli hans frå gravi og livet hans frå spjotodd-daude. 19Han tuktast og med sjukelægje, med stendig uro inn til beini, 20hans liv fær mothug imot brød, og sjæli hans mot lostemat. 21Hans misser holdet, vert usjåleg, og beini morknar, syner ikkje, 22og sjæli ned mot gravi lutar, hans liv mot daude-englarne. 23Er det då yver han ein engel, ein millommann, ein utav tusund, som lærer mannen um hans plikt, 24Han ynkast yver han og segjer: «Frels honom frå i grav å ganga! Eg hev ei løysepening funne.» 25Hans likam skal av helsa bløma, sin ungdom skal han atter få. 26Han bed til Gud og nåde fær, so han hans åsyn ser med jubel. Og so fær mannen att si rettferd. 27Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev ’kje fenge lika for det; 28mi sjæl frå gravi berga han, med gleda fær eg ljoset sjå.» 29Og sjå: alt dette gjerer Gud tvo gonger, ja tri gong’ mot mannen, 30og ber hans sjæl frå gravi burt, so livsens ljos kann lysa for han. 31So gjev no gaum og høyr meg, Job, ver tagall du, so eg kann tala! 32Um du hev ord, so gjev meg svar! Tala, eg gjev deg gjerne rett. 33I anna fall so høyr på meg, teg medan eg deg visdom lærer!»