1Med augo hev eg gjort ei pakt; eg skal ’kje skygna etter møy. 2Kva gav meg elles Gud der uppe? Kva arv gav Allvald frå det høge? 3Kjem ikkje udådsmann i naud? Og illgjersmenn i ulukka? 4Ser ikkje han på mine vegar? Tel ikkje han kvart stig eg gjeng? 5Dersom eg fram med fals hev fare, og foten sprunge etter svik 6- Gud vege meg på rettferds vegt, so han kann sjå eg skuldlaus er! - 7Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender, 8so gjev ein annan et mitt såd, og riv mi planting upp med rot! 9Let eg min hug av kvinna dåra, sneik eg til grannens dør meg fram, 10so lat mitt viv åt andre mala, og andre yver ho seg bøygje! 11For dette er ei skjemdarferd, eit brot som dom og straff fortener, 12ein eld som eta vil til avgrunns og øydeleggja all mi eiga. 13Vanvyrd’ eg retten åt min træl og trælkvinna i trætta med deim? 14- Kva gjord’ eg då, når Gud reis upp? Kva svara eg, når han meg klaga? 15Dei er som meg i morsliv skapte; ein forma oss i moderfang - 16Um eg sagde nei når arming bad, og let enkja gråtande gå burt, 17hev eg mitt brød åleine ete, so farlaus inkje fekk ein bit, 18- nei, far for han eg var frå yngdi, frå morsliv var eg hennar førar - 19Såg eg ein stakar utan klæde, ein fatig utan yverplagg, 20og so hans lender ei meg signa, og ei mi saueull han vermde, 21hev eg mot farlaus handi lyft, av di eg medhald fekk i retten: 22Let herdi mi or led då losna, og armen brotna frå sitt bein! 23For eg var ovleg rædd Guds straff, eg magtlaus stod framfor hans velde. 24Um eg mi lit til gullet sette, og voni til det fine gull, 25Gledde eg meg ved auka rikdom, og alt eg vann meg med mi hand, 26såg eg på ljoset når det stråla, på månen der han skreid i glans, 27vart hjarta mitt i løyndom dåra, so kyss på hand til deim eg sende, 28so var det og straffande brot, då neitta eg min Gud der uppe. 29Hev eg meg gledt ved uvens uferd, og jubla når han kom i skade, 30- men eg let ikkje munnen synda og banna honom ifrå livet - 31hev ei mitt husfolk stendigt sagt: «Kven gjekk vel svolten frå hans bord?» 32- Eg let ’kje framand natta ute; for ferdamann eg opna døri - 33hev eg som Adam dult mi synd, og løynt mi misgjerd i min barm, 34di eg var rædd den store hop og ottast spott frå ættefrendar, so stilt eg heldt meg innum dører? 35Å, vilde nokon høyra på meg! Sjå her er underskrifti mi, lat berre Allvald svara meg! Fekk eg den skrift min motpart skreiv, 36den skulde eg på oksli bera og binda på meg som ein krans 37eg melde honom kvart mitt stig, og som ein hovding møta honom. 38Dersom min åker klagar meg, og um plogforerne lyt gråta, 39åt eg hans grøda ubetalt, tok livet eg av eigarmannen: 40Lat då for kveite klunger gro, og ugras der eg sådde bygg!» Her endar Jobs tale.