1Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden. 2Magtlause er og deira hender, og deira saft og kraft er burte; 3Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni, 4og plukkar melde millom kjørri og hev til føda einerot. 5Frå folket vert dei jaga burt, fær tjuvemann slengt etter seg. 6Dei gøymer seg i fæle gil, i holor uti jord og fjell; 7og millom buskor skrålar dei og samlast under netlerunnar; 8ei ætt av dårar og namnlause som ein helst piskar ut or landet. 9No er eg slengjestev for deim, eit ordtak hev for deim eg vorte. 10Dei styggjest ved meg, held seg burte og sparer ei å sputta på meg. 11Utan all blygd dei krenkjer meg, hiv av kvart band framfor mi åsyn. 12Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg. 13Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv. 14Som gjenom vide murbrot kjem dei, velter seg fram med bråk og brak. 15Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky. 16No jamrar seg mi sjæl i meg; usæle dagar held meg fast. 17Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina aldri søv. 18Ved allmagt vert min klædnad vanstelt, heng tett som skjortekragen kring meg. 19Han kasta meg i skarnet ned; og eg ser ut som mold og oska. 20Eg skrik til deg, du svarar ikkje, eg stend der, og du stirer på meg. 21Hard hev du vorte imot meg, du stri’r mot meg med veldug hand. 22Du let meg fara burt i stormen, du let meg tynast i hans brus. 23Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt. 24Kven kavar ikkje når han søkk? Kven ropar ikkje ut i fåren? 25Gret eg ’kje sjølv med den fortrykte, og syrgde yver fatigmann? 26Eg vona godt, men det kom vondt, eg venta ljos, men myrker kom. 27Det kokar allstødt i mitt indre, ulukkedagen møter meg. 28Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend, eg ris i flokken, skrik um hjelp. 29Bror åt sjakalar hev eg vorte, til strussar eg ein frende er. 30Mi hud er svart og flaknar av; det brenn i mine bein av hite. 31Min cither hev eg bytt i sorg, og fløyta mi med gråtar-mål.