1Då svara Job og sagde: 2«Å høyr då, høyr på mine ord! Gjev i minsto det til trøyst! 3Lat meg få lov å tala ut, so kann du spotta etterpå. 4Klagar eg vel på menneskje? Og hev eg ikkje grunn til harm? 5Vend dykk til meg, og ottast so; legg handi so på dykkar munn. 6Eg støkk, når eg det kjem i hug; ei bivring gjenom kroppen gjeng. 7Kvifor fær dei gudlause liva, auka i magt som åri gjeng? 8Dei ser si ætt stå fast ikring deim, dei hev sitt avkjøme for augo. 9I fred stend husi deira trygge, Guds svipa råkar ikkje deim; 10med heppa parast deira fe, og kyrne kastar aldri kalv. 11Dei slepper borni ut som lamb, og gutarne i leiken hoppar; 12Dei syng til trumma og til cither og frygdar seg ved fløyteljod. 13I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned. 14Til Gud dei segjer: «Haldt deg burte!» Me vil ’kje kjenna dine vegar! 15Kvi skal me tena den Allsterke? Kva gagnar det å be til honom?» 16«Dei hev ’kje lukka si i handi» - Langt burt frå meg med gudlaus råd! 17Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod? 18Fer dei vel burt som strå for vind, lik agner som i stormen fyk? 19«Gud gøymer straffi til hans born.» Nei, sjølv skal mannen straffi kjenna! 20Lat han få sjå sitt eige fall og drikka harm frå den Allsterke! 21Kva bryr han seg vel um sitt hus, når månadstalet hans er fullt? 22Vil nokon hjelpa Gud til kunnskap, han som er domar for dei høgste? 23Den eine døyr på velmagts høgd, fullkomleg trygg og fredeleg; 24hans fat er fulle utav mjølk, og i hans bein er mergen frisk; 25den andre døyr so beisk i hug, hev ingenting av lukka smaka. 26Dei båe vert i moldi lagde, og deira klednad makkar er. 27Sjå kor eg kjennar dykkar tankar, og dykkar meinkrokar mot meg. 28De spør: «Kvar er vel stormannshuset? Kvar er det tjeld der gudlause bur?» 29Hev de ’kje høyrt av ferdafolk - de trur vel det som dei fortel -: 30«Den vonde frå ulukka slepp; han berga vert på vreidedagen. 31Kven lastar honom for hans ferd? Og straffar honom for hans gjerd? 32Han vert til gravi båren burt, og ved hans gravhaug held dei vakt. 33Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom. 34Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»