1Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde: 2«Difor gjev mine tankar svar, og difor stormar det i meg. 3Ei skamleg skrapa fær eg høyra, men kloke svar mi ånd gjev meg. 4Veit du ’kje at frå ævords tid, frå mannen fyrst på jord vart sett, 5ugudlege hev stokkut jubel, vanheilage stuttvarug gleda? 6Når modet hans til himmels stig, når hovudet mot sky han lyfter, 7han evig gjeng til grunns som skarnet; «Kvar er han?» spør dei, honom såg. 8Lik draumen glid han burt og kverv, vert jaga som ei nattesyn. 9Han burte er for alle augo, hans stad veit ikkje til han meir. 10Hans born lyt hjelpa fatigfolk; hans hender gjev hans gods attende. 11Hans bein var full’ av ungdomskraft; men den i moldi ligg med honom. 12Er i hans munn det vonde søtt, vil han det under tunga gøyma, 13sparer han det og slepper ikkje, held han det under gomen fast, 14so vert i kroppen maten hans til orme-eiter i hans buk. 15Det gods han gløypte, spyr han ut; Gud driv det ut or magen hans. 16Han orme-eiter i seg saug, og ødle-tunga honom drep. 17Han fær visst ikkje skoda bekkjer, ei heller flaum av mjølk og honning. 18Han rikdom vinn, men nyt han ikkje; han samlar gods, men vert ’kje glad. 19Han krasa småfolk, let deim liggja, han rana hus som han ei byggjer. 20Han kjende ikkje ro inni seg, men med sin skatt han slepp ’kje undan. 21Hans hækna sparer ingen ting; og difor kverv hans lukka burt. 22I all si ovnøgd lid han naud; kvar armings-hand kjem yver honom. 23Og til å fylla buken hans han sender vreiden yver honom, let maten sin på honom regna. 24Og um han frå jarnvåpen flyr, han såra vert frå koparbogen; 25ut gjenom ryggen pili kjem, den blanke odd ut or hans gall, og dauderædslor fell på honom. 26Alt myrker gøymt er åt hans skattar, ja, ukveikt eld et honom upp, og øyder all hans eigedom. 27Himmelen ter hans brotsverk fram, og jordi reiser seg imot han. 28Hans heime-forråd fer sin veg, renn burt på vreidedagen hans. 29Slikt etlar Gud til gudlaus mann; det lovar Gud til arv åt honom.»