1Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde: 2«Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved! 3Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo? 4Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad? 5Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina. 6I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han. 7Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar. 8Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han; 9og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat. 10I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg. 11Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig. 12Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall, 13vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son. 14Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen. 15I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad. 16Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt. 17Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt. 18Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt. 19Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan. 20Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne. 21Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»