1Då svara Job og sagde: 2«Kor lenge vil mi sjel de harma og krasa meg med dykkar ord? 3Ti gonger hev de no meg spotta; de skjemmest ei å krenkja meg. 4Hev eg i røyndi mistak gjort, dei mistak er mi eigi sak. 5Vil de dykk briska imot meg, som um eg lid mi skam med rette? 6Hugs på at Gud hev bøygt meg ned og spana kringum meg sitt garn. 7Eg ropar: «Vald!» - men eg fær ’kje svar; eg ropar: «Hjelp!» men fær ’kje rett. 8Han stengjer vegen for min fot, og myrker legg han på min stig. 9Min heidersklædnad drog han av; han frå mitt hovud kransen tok. 10Mi vern han braut, so eg gjekk under, mi von sleit han lik treet upp. 11Hans vreide logar meg imot, og for ein fiend’ held han meg. 12Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt. 13Han dreiv ifrå meg mine frendar, og kjenningar vart framande. 14Skyldfolki held seg burte frå meg, husvenerne hev gløymt meg burt. 15For hjon og tenar er eg framand; dei held meg for ein ukjend mann. 16Ei svarar drengen på mitt rop. Eg må med munnen tigga honom; 17min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør. 18Jamvel smågutar spottar meg, når eg stend upp, dei talar mot meg. 19Dei styggjest for meg mine vener, og dei eg elska, snur seg mot meg. 20Min kropp er berre skin og bein, snaudt hev eg endå tannkjøt att. 21Hav medynk, medynk, mine vener! Gud hev meg råka med si hand. 22Kvifor skal de som Gud meg jaga, og vert ei mette av mitt kjøt? 23Å, gjev at mine ord vart skrivne, og i ei bok vart rita inn, 24ja, vart med jarnmeitel og bly for ævleg tid i berget hogne! 25Eg veit at min utløysar liver, til sist han yver moldi kjem. 26Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud, 27eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv! 28De segjer: «Me vil jaga honom!» - som um orsaki låg hjå meg! 29Men de lyt agta dykk for sverdet; for vreide vert ved sverdet straffa. Og de skal vita: domen kjem.»