1Og det hende seg i det fjortande styringsåret åt kong Hizkia, at assyrarkongen Sanherib drog upp imot alle faste borgar i Juda og hertok deim. 2Og assyrarkongen sende Rabsake frå Lakis til Jerusalem mot kong Hizkia med ein stor her; og han stogga attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen. 3Då gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til honom. 4Og Rabsake sagde til deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: «Kva er det for tru som gjer deg so traust? 5Du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg? 6Ja, det er sant, du lit på Egyptarland, den brotne røyrstaven som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle deim som lit på honom. 7Og svarar du meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne?» 8Gjer då eit veddemål med Herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar um du kann skaffa folk til å rida på deim. 9Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira! 10Trur du det er Herren uvitande når eg kjem hit og øydelegg dette landet? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»»» 11Då sagde Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.» 12«Nei,» svara Rabsake, «det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til det folket som sit på muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!» 13So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi på jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar! 14So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å berga dykk! 15Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelper oss for visst, han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.» 16Høyr ikkje på Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de få eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre og drikka vatn kvar or sin eigen brunn, 17til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar. 18Lat ikkje Hizkia narra dykk og segja: «Herren bergar oss!» Tru nokon av folkegudarne hev berga sitt land for assyrarkongen? 19Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? Kvar er gudarne i Sefarvajim? Eller hev dei berga Samaria ut or mi hand? 20Kven av alle gudarne i desse landi hev berga sitt land ut or mi hand, so Herren skulde berga Jerusalem ut or mi hand?»» 21Og dei tagde og svara honom ikkje eit ord; for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!» 22Eljakim Hilkiason, drottseten, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, kanslaren, kom då attende til Hizkia med sundrivne klæde og melde honom ordi hans Rabsake.