1Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, og sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus. 2So sende han drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste av prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson. 3Og dei sagde til han: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda. 4Kann henda høyrer Herren, din Gud, det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att.»» 5Då hirdmennerne frå kong Hizkia kom til Jesaja, 6sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde, då trælarne åt assyrarkongen spotta meg! 7Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»» 8Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis. 9Då han so fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut i herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi: 10«Seg med Juda-kongen Hizkia: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen! 11Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt med mot alle landi: at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan? 12Kunde vel folkegudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan og Haran og Resef og Edens-sønerne som er i Telassar? 13Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen i Sefarvajim-byen, yver Hena og Ivva?»» 14Hizkia tok brevet frå sendemennerne og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn. 15Og Hizkia bad til Herren og sagde: 16«Herre, allhers drott, Israels Gud, du som tronar yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi; du hev gjort himmelen og jordi. 17Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende og svivyrde den livande Gud! 18Herre, det er sant: assyrarkongarne hev øydt ut folki og deira land, 19og dei hev kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein, og dei hev tynt deim. 20Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna at einast du er Herren!» 21Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Med umsyn på bøni di til meg um Sanherib, assyrarkongen, 22då er dette det ordet som Herren hev tala imot honom: Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter. 23Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage. 24Ved tenarane hædde du Herren og sagde: «Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressorne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste hagen; 25eg hev grave og drukke vatn; med fotsolen min eg turkar ut alle Egyptarlands elvar.» 26Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude. 27Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som graset på marki og grøne urtar, som vokstrar på taket, som kornåker fyrr han hev skote. 28Eg veit når du sit, gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg. 29Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din og vikjer deg heim att den vegen du kom.» 30Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne. Men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim. 31Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil, og ovantil ber han si frukt. 32For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Brennhugen åt Herren, allhers drott, skal gjera dette. 33Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skjota nokor pil der inn; ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han. 34Den vegen han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen slepp han ikkje inn, so segjer Herren. 35Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.» 36Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik. 37Då tok assyrarkongen Sanherib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve. 38Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg sønerne hans, Adrammelek og Sareser, honom ned med sverd. Dei kom seg undan til Araratlandet, og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.