1Difor skal me so mykje meir agta på det me hev høyrt, so me ikkje skal driva undan. 2For dersom det ord som var tala ved englar, stod fast, og kvar misgjerd og ulydnad mot det fekk si rettferdige løn, 3kor skal då me sleppa undan, um me ikkje vyrder so stor ei frelsa? den som fyrst vart forkynt ved Herren og er komi vitnefast til oss ved deim som høyrde honom, 4med di Gud vitna med både ved teikn og under og ymse kraftverk og tildeiling av den Heilage Ande etter sin vilje. 5For det var ikkje under englar, han lagde den komande verdi som me talar um. 6Men ein hev vitna ein stad og sagt: «Kva er eit menneskje, at du kjem det i hug, eller ein menneskjeson, at du ser til honom? 7du gjorde honom lite lægre enn englarne; med herlegdom og æra krynte du honom og sette honom yver dei verk dine hender gjorde; 8alle ting lagde du under hans føter.» For då han lagde alle ting under honom, so tok han ingen ting undan som ikkje er honom underlagd; men no ser me endå ikkje at alle ting er honom underlagde. 9Men den som var gjord lite lægre enn englarne, Jesus, honom ser me, av di han leid dauden, krynt med herlegdom og æra, so han ved Guds nåde skulde smaka dauden for alle. 10For det sømde seg honom som alt er til for, og som alt er til ved, då han førde mange born til herlegdom, ved lidingar å fullenda frelse-hovdingen deira. 11For både den som helgar, og dei som vert helga, er alle av ein; difor skjemmest han ikkje ved å kalla deim brør, 12når han segjer: «Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, eg vil lovsyngja deg midt i lyden;» 13og atter: «Eg vil setja mi tru til honom;» og atter: «Sjå, her er eg og dei born Gud hev gjeve meg.» 14Då no borni hev kjøt og blod saman, so vart han og på dilik måte samhavande deri, for at han ved dauden skulde gjera den til inkjes som hadde daudens velde, det er djevelen, 15og fria ut alle deim som av rædsla for dauden var i trældom all si livstid. 16For englar han tek seg då vel ikkje av, men Abrahams ætt tek han seg av. 17Difor laut han verta brørne sine lik i alle ting, so han kunde verta ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud til å gjera soning for synderne åt folket. 18For av di han sjølv hev lide og vore freista, so kann han koma deim til hjelp som vert freista.