1Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen. 2Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi. 3Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge, 4og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim. 5For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.» 6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.» 7Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;» 8men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike. 9Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.» 10Og: «Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlarne er verk av dine hender; 11dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad, 12og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.» 13Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?» 14Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?