1Og Josef, han vart førd ned til Egyptarland, og Potifar, ein egyptar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti, kjøpte honom av ismaelitarne, som hadde ført honom dit. 2Men Herren var med Josef, so han vart ein mann som alt gjekk vel for. Han vart verande hjå husbonden sin, egyptaren, 3og då husbonden hans såg at Herren var med honom og let alt han gjorde, lukkast for honom, 4so vart Josef både gjæv og gild i hans augo, og laut ganga honom til handa; og han sette honom til å styra huset sitt, og alt han åtte, lagde han i hans hender. 5Og alt ifrå den tid han hadde sett honom yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark. 6So let han då Josef råda yver alt det han åtte, og såg ikkje etter med honom i nokon ting, anna berre åt og drakk. Josef var både velvaksen og væn. 7Og det hende, då det leid um ei tid, at kona åt husbonden hans kasta augo på Josef og sagde: «Kom og ligg med meg!» 8Men han bar seg undan, og sagde med kona åt husbonden sin: «Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender. 9Han hev ikkje meir å segja i dette huset enn eg, og hev ikkje meinka meg nokon ting utan deg, etter di du er kona hans. Korleis kunde eg då gjera so stygg ei gjerning, og so synda mot Gud?» 10Som ho no tala til Josef dag etter dag, og han ikkje vilde lyda etter henne og liggja innmed henne eller vera i hop med henne, 11so hende det ein gong at han kom inn i huset og skulde gjera arbeidet sitt, og det var ingen av husens folk inne. 12Då greip ho honom i kjolen og sagde: «Kom og ligg med meg!» Men han rømde ut og let kjolen etter seg i henderne hennar. 13Då ho såg at han hadde rømt ut, og at kjolen hans var att i henderne hennar, 14so ropa ho på husfolket sitt, og sagde med deim: «Sjå, her hev han drege innpå oss ein hebraisk mann, som fer og vil gantast med oss. Han kom inn til meg og vilde liggja med meg. Då ropa eg so høgt eg kunde, 15og då han høyrde eg sette i og ropa, rømde han brått ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.» 16So let ho kjolen hans liggja hjå seg til husbonden hans kom heim. 17Då sagde ho det same med honom: «Den hebraiske tenaren,» sagde ho, «som du hev drege inn i huset åt oss, kom inn til meg og tok til å gantast med meg. 18Men då eg sette i og ropa, brårømde han ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.» 19Då no husbonden hans høyrde rødorne åt kona si, korleis ho lagde ut og sagde: «So og so for tenaren din åt mot meg,» so vart han brennande harm. 20Og husbonden hans Josef tok honom og sette honom i fangetårnet, der dei sat dei som kongen heldt fengsla, og han vart verande der i fangetårnet. 21Men Herren var med Josef, og vende alle hjarto til honom, og laga det so at styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for honom. 22Og styresmannen i fangetårnet sette Josef til å sjå etter alle fangarne som var i tårnet, og alt som der skulde gjerast, det laut han gjera. 23Styresmannen i fangetårnet såg ikkje etter nokon verdeleg ting som Josef hadde under hender. For Herren var med honom; og kva han so gjorde, so lagde Herren lukka til.