1Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland. 2Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren, 3og sette deim faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet, der Josef sat fanga. 4Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset. 5Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining. 6Og då Josef kom inn til deim um morgonen, såg han det på deim at dei var i ulag. 7Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?» 8«Me hev drøymt,» svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!» 9So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg, 10og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor. 11Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.» 12Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar. 13Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans. 14Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset! 15For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.» 16Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet. 17Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.» 18Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar. 19Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.» 20So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine. 21Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao, 22og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått deim. 23Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.