1Dette er dei ætterne som hev kome frå sønerne hans Noah, Sem og Kham og Jafet; dei fekk søner, etter storflodi hadde vore: 2Sønerne hans Jafet var Gomer og Magog og Madaj og Javan og Tubal og Mesek og Tiras. 3Og sønerne hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma. 4Og sønerne hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim. 5Frå deim hev folki på heidninge-øyarne greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine rike. 6Og sønerne hans Kham var Kusj og Misrajim og Put og Kana’an. 7Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan. 8Og Kusj hadde endå ein son, som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi. 9Han var ein gjæv veidemann i Herrens augo. Difor vert det sagt: «Ein gjæv veidemann i Herrens augo, som Nimrod.» 10Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet. 11Frå det landet for han til Assur, og bygde Nineve og Rehobot-Ir og Kalah 12og Resen millom Nineve og Kalah; dette er Storstaden. 13Og Misrajim vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane 14og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane. 15Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het 16og til jebusitarne og amoritarne og girgasitarne 17og hevitarne og arkitarne og sinitarne, 18og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut. 19Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim. 20Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike. 21Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå. 22Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram. 23Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas. 24Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber. 25Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan. 26Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah 27og Hadoram og Uzal og Dikla 28og Obal og Abimael og Sjeba 29og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan. 30Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar. 31Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike. 32Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.