1Og Gud velsigna Noah og sønerne hans og sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi. 2Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne. 3Alt som røyver seg og liver, for dykk skal det vera til føda. Som eg gav dykk dei grøne urterne, so gjev eg dykk alt dette. 4Men kjøt med liv, med blodet i, det må de ikkje eta! 5Og berre dykkar eige blod vil eg hemna: eg vil krevja det att av kvart dyr, og av menneskjet og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror. 6Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han mannen. 7Men de skal veksa og aukast; de skal yrja på jordi og auka dykk på henne.» 8Og Gud sagde til Noah og sønerne hans, som var med honom: 9«Sjå, eg vil gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar, 10og med kvart eit livande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei ville dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som liver på jordi: 11Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.» 12Og Gud sagde: «Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart livande liv som hjå dykk er, til æveleg tid: 13Bogen min set eg i skyi: han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi. 14Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi, 15då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart livande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt. 16So skal bogen standa i skyi, og eg sjå honom og minnast ævordomspakti millom Gud og kvart livande liv av alt kjøt som til er på jordi. 17Dette,» sagde Gud til Noah, «er merket på den pakt eg hev sett millom meg og alt kjøt som til er på jordi.» 18Og Noahs-sønerne, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kham og Jafet. Og Kham var far åt Kana’an. 19Desse tri var sønerne hans Noah, og frå deim hev alle folk på jordi greina seg ut. 20Og Noah var jorddyrkar, og han var den fyrste som gjorde ein vinhage. 21Og han drakk av vinen, og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbudi. 22Og då Kham, far åt Kana’an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sagde det med båe brørne sine. 23Då tok Sem og Jafet ei kåpa og lagde på herdarne sine, og gjekk inn baklengs, og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin. 24Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot honom. 25Då sagde han: «Forbanna skal Kana’an vera! Den lågaste av alle trælar skal han vera for sine brøder.» 26So sagde han: «Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana’an vera hans træl! 27Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana’an vere hans træl.» 28Etter storflodi livde Noah endå tri hundrad og femti år. 29Og alle dagarne hans Noah vart ni hundrad og femti år. So døydde han.