1So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akazietre skal du gjera det, 2ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt, og hava horn som er samgjorde med det. 3Du skal klæda det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring. 4Nedanfor kransen på dei tvo sidorne skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter. 5Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull. 6Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor lovtavlekista, beint framfor loket som ligg yver lovtavlorne, der som eg vil møtast med deg. 7Og Aron skal brenna angande røykjelse på det: kvar morgon når han steller lamporne, skal han brenna røykjelsen; 8og det same skal han gjera, når han set upp lamporne i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herrens andlit. 9De må ikkje ofra framand røykjelse på det, og ikkje brennoffer eller grjonoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det. 10Ein gong um året skal Aron strjuka blodet av sonings-syndofferet på alterhorni; mann etter mann skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret; då er det høgheilagt for Herren.» 11Og Herren tala til Moses, og sagde: 12«Når du held manntal yver Israels-folket, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same dei vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver deim for teljingi skuld. 13Ein halv dalar i heilag mynt - etter tjuge gera i dalaren - skal kvar gjeva, som kjem med i manntalet. Denne halve dalaren skal vera ei reida til Herren. 14Alle dei som vert talde, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren. 15Dei rike skal ikkje gjeva meir, og dei fatige ikkje mindre enn ein halv dalar, når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar. 16Og du skal taka imot løysepengarne av Israels-folket og bruka deim til gudstenesta i møtetjeldet, so det kann vera ei minning for Herren um Israels-folket og ein løysepening for livet deira.» 17Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 18«Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn i henne. 19Og Aron og sønerne hans skal taka av vatnet, og två henderne og føterne sine; 20kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal halda gudstenesta og brenna eldoffer åt Herren. 21Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans, mann etter mann, i all æva.» 22Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde: 23«Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, tretti merker, og egte kanelbork, helvti so mykje eller femtan merker, og krydderøyr, femtan merker, 24og kassia, tretti merker, alt etter heilag vegt, og so ein åttung av den finaste beroljen. 25Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddemyrsel, soleis som dokterane lagar salve. Ein heilag salvingsolje skal det vera, 26og med den skal du salva møtetjeldet og lovtavlekista 27og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til honom, og røykofferaltaret 28og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på. 29Du skal vigsla deim, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær deim, skal vera vigd åt heilagdomen. 30Og Aron og sønerne hans skal du salva og vigja til prestar for meg. 31Og du skal tala til Israels-folket og segja: «Denne salvingsoljen skal de og etterkomarane dykkar vigja åt meg. 32Han må ikkje koma på likamen på kvar manns likam, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda honom. 33Den som lagar maken til denne kryddesalven, eller brukar honom på framande, han skal rydjast ut or folket sitt.»» 34Og endå sagde Herren det til Moses: «Få deg sterke røykjekryddor: myrrakvåda og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart! 35Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som apotekarane lagar, salta, rein, vigsla. 36Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor lovtavlorne i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det. 37Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; han skal vera vigd åt Herren. 38Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.»