1So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde: 2«De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein, 3alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron. 4Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti. 5So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur; 6av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai; 7av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab; 8av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar; 9av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon; 10av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti; 11av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni; 12av Dans-ætti: Ahiezer, son åt Ammisaddai; 13av Assers-ætti: Pagiel, son åt Okran; 14av Gads-ætti: Eljasaf, son åt Re’uel; 15av Naftali-ætti: Ahira, son åt Enan.» 16Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket. 17So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne, 18og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 19soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi. 20Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 21so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann. 22So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 23so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann. 24So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 25so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann. 26So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 27so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann. 28So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 29so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann. 30So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 31so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann. 32So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 33so var det fyrti tusund og fem hundrad mann; 34og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 35so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann. 36So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 37so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann. 38So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 39so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann. 40So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 41so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann. 42So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner, 43so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann. 44Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt. 45Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter, 46var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra. 47Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine. 48For Herren sagde til Moses: 49«Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket. 50Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det. 51Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy. 52Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke, 53men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.» 54Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.