1Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår; 2med dette hev det seg so: Den som hev eit lån til gode hjå grannen sin, skal gjeva det etter; han skal ikkje krevja ein granne eller landsmann når dei hev lyst ettergjeving i Herrens namn. 3Dei framande kann du krevja, men det du hev hjå landsmannen din, skal du gjeva etter. 4Med retten skulde det no ikkje finnast fatige hjå deg; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i det landet han gjev deg til odel og eiga, 5so sant du berre lyder honom og held desse bodi, som eg ber fram for deg no. 6Ja Herren, din Gud, vil velsigna deg, som han hev lova, og du skal låna til mange folk, men sjølv skal du ikkje trenga noko lån, og du skal råda yver mange folk, men dei skal ikkje råda yver deg. 7Finst det nokon fatig millom landsmennerne dine, i dei byarne som Herren, din Gud, vil gjeva deg, so ver ikkje hardhjarta, og lat ikkje att handi for den fatige bror din, 8men opna handi di for honom, og lån honom det han vantar og treng! 9Agta deg att det ikkje kjem upp noko vondt i hjarta ditt, når du tenkjer på at det lid nær innåt det sjuande året, ettergjevingsåret, so du ser med ublide augo på den fatige bror din, og ikkje gjev honom noko; for då kjem han til å klaga deg for Herren, og du fær synd på deg. 10Gjev honom med godhug og tregelaust; det er for den skuld Herren, din Gud, velsignar deg i alt du gjer og tek deg fyre. 11Fatige kjem det stødt til å finnast i landet; difor segjer eg deg: Opne handi di for bror din, for dei arme og fatige i landet ditt! 12Når ein landsmann - ein hebræar, kar eller kvinna - hev selt til deg, so skal han tena hjå deg seks år; i det sjuande året skal du gjeva honom fri, so han kann fara kvar han vil. 13Og når du gjev honom fri, skal du ikkje senda honom frå deg tomhendt. 14Du skal reida honom ut vel, både med småfe og med korn og vin; i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg, skal du gjeva honom. 15Kom i hug at du sjølv var træl i Egyptarland, og at Herren, din Gud, fria deg ut; difor gjev eg deg i dag dette bodet. 16Men segjer tenaren at han ikkje vil skiljast ifrå deg, av di han hev det godt hjå deg og held av deg og folket ditt, 17so skal du taka ein syl og stinga gjenom øyra hans og inn i hurdi, og sidan skal han tena deg all si tid. Sameleis skal du gjera med tenestgjenta di. 18Du skal ikkje trega på at du lyt sleppa deim frå deg; for han hev arbeidt for deg i seks år, og leigefolk hadde kosta deg tvo gonger so mykje. Kom i hug dette, so skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du gjer! 19Alle frumborne handyr i buskapen din skal du vigja til Herren din Gud. Frumborne uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborne sauer må du ikkje klyppa. 20For Herrens åsyn skal du eta deim, år etter år, du og huslyden din, på den staden som Herren hev valt seg ut. 21Er det nokon lyte på deim, er dei halte eller blinde eller hev noko anna leidt lyte, då skal du ikkje ofra deim til Herren, din Gud; 22men heime hjå dykk sjølve kann de eta deim anten det er reine og ureine, liksom det var gasella eller hjort, 23so nær som blodet; det må de ikkje eta; du skal slå det ut på marki som vatn.