1Kom i hug aksmånaden! Då skal du halda påskehelg for Herren, din Gud; for i aksmånaden førde Herren deg ut or Egyptarland, nattarstider. 2Og du skal slagta påskeoffer åt Herren, din Gud, storfe og småfe, på den staden som Herren hev valt seg til bustad. 3Du skal ikkje eta syrt brød attåt offerkjøtet! I sju dagar skal du eta usyrt brød attåt det, naudhjelpsbrød, av di du laut skunda det ut or Egyptarlandet. Soleis skal du heile ditt liv minnast den dagen då du for burt frå Egyptarlandet. 4Desse sju dagarne må det ikkje finnast surdeig i ditt eige, so langt som du råder, og av det du hev slagta fyrste dagen um kvelden, må ingen ting liggja natti yver, til morgons. 5Du må ikkje slagta påskeofferet heime, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, 6men berre på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad; der skal du slagta påskelambet, um kvelden, solegladsbil, på same tid som då du for frå Egyptarland. 7So skal du laga det til, og eta det på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut; og um morgonen kann du venda heim att til buderne dine. 8Seks dagar skal du eta usyrt brød; og den sjuande dagen skal du halda ei stor samlingshøgtid for Herren, din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid. 9So skal du rekna sju vikor: frå sigden tek til å sveiga i kornet, skal du telja sju vikor fram, 10og når dei er lidne, skal du halda sjuvikehelg for Herren, din Gud. Då skal du bera fram so mykje som du hev hjarta til, i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg. 11Og du skal gleda deg for Herrens åsyn, på den staden han hev valt seg til bustad, både du og son din og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og dei framande og farlause og enkjorne de hev hjå dykk. 12De skal koma i hug at i Egyptarland var de trælar, og gøyma desse bodi i hjarta, og liva etter deim. 13Når du hev samla inn det som kjem frå låven din og frå vinpersa, då skal du halda lauvhyttehelgi i sju dagar. 14Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og sønerne og døtterne dine, og drengjerne og gjentorne, og levitarne og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dine. 15Sju dagar skal du halda pilegrimshelg for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i alt du avlar og alt du tek det fyre, og du skal vera berre glad. 16Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta fram for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut: i søtebrødhelgi, og i sjuvikehelgi, og i lauvhyttehelgi. Men tomhendt må ingen syna seg for Herrens åsyn; 17kvar skal koma med den gåva han kann, etter som Herren, hans Gud, hev gjeve honom råd til. 18I alle dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, skal du setja inn domarar og lagrettemenner, i kvar sine fylke; dei skal døma folket etter lov og rett. 19Du skal ikkje rengja retten, og ikkje gjera mannemun, og ikkje taka mutor; for mutorne synkverver vismenner, og spiller ei rettvis sak. 20Berre det som rett er, skal du stræva etter, so du kann få liva, og eiga det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg. 21Du skal ikkje setja noko tre som er vigt til Asjera attmed altaret som du byggjer åt Herren, din Gud. 22Og du skal ikkje reisa nokon minnestein som Herren, din Gud, mislikar.