1Då kong Hizkia høyrde det, reiv han sund klædi sine, sveipte syrgjebunad kring seg og gjekk inn i Herrens hus. 2Han sende drottseten Eljakim og riksskrivaren Sebna og dei eldste prestarne syrgjeklædde til profeten Jesaja Amosson, 3med dei ordi: «So segjer Hizkia: «Dette er ein dag full av naud og straff og skjemsla; fosteri hev nått fødsli, men det finst ikkje kraft til å føda. 4Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»» 5Då hirdmennerne frå Hizkia kom til Jesaja, 6sagde Jesaja til deim: «So skal de svara herren dykkar: «So segjer Herren: Ver ikkje rædd for dei ordi du høyrde då trælarne åt assyrarkongen spotta meg! 7Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»» 8Då Rabsake for burt att, fann han assyrarkongen i strid mot Libna; for han hadde høyrt at han hadde fare burt frå Lakis. 9Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi: 10«Seg so med Hizkia, Juda-kongen: «Ikkje lat din Gud, som du lit på, narra deg til å tenkja at ikkje Jerusalem skal falla i henderne på assyrarkongen! 11Du hev nok høyrt gjete sjølv kor assyrarkongarne hev fare åt mot alle landi; at dei bannstøytte deim. Og so skulde du berga deg undan? 12Kunde folke-gudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan, Haran, Resef eller Edens-folki i Telassar? 13Kvar er Hamat-kongen eller Arpad-kongen eller kongen yver Sefarvajimbyen, yver Hena og Ivva?»» 14Hizkia tok brevet frå sendebodi og las det; og so gjekk han upp i Herrens hus, og Hizkia breidde det ut for Herrens åsyn. 15Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi. 16Herre, legg øyra til og lyd! Herre, lat augo upp og sjå! Høyr dei ordi Sanherib sende, og svivyrde den livande Gud! 17Herre, det er sant: assyrarkongen hev øydt ut folki og deira land, 18kasta gudarne deira på elden; for dei er ikkje gudar, berre manneverk utav stokk og stein; difor kunde dei øydast. 19Men no må du, Herre, vår Gud, frelsa oss frå hans magt, so alle rike på jordi må røyna: du, Herre, einast er Gud!» 20Då sende Jesaja Amosson bod til Hizkia med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Bøni di hev eg høyrt um hjelp mot Sanherib, Assur-kongen. 21So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter. 22Kven hev du svivyrdt? kven hev du spotta? Kven hev røysti di ropa imot? Augo lyfte du høgt, mot Israels Heilage. 23Ved sendebodi hædde du Herren og sagde: Med dei mange vognerne mine for eg upp på dei høgste fjelli, ja, langt burti Libanons utmark, der høgg eg ned hennar høge cedrar og dei hæve cypressarne hennar; eg tek meg fram i dei øvste heimar, inn i den tettaste skogen; 24eg borar meg brunnar og vatn drikk eg hjå framande folk; med fotsolen min turkar eg ut alle Egyptarlands elvar.» 25Hev du ’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude. 26Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som gras på marki og grøne urter, som vokstrar på taket som moldaks i bryddande åker. 27Eg veit når du sit, og gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg. 28Av di du er vill imot meg, og eg høyrer kor kaut du er, eg hektar min krok i nosi di, legg min taum i munnen din, og vikjer deg heim att den vegen du kom. 29Og dette skal du hava til merke: I år skal de eta sjølvsått korn, næste år sjølvrunne, men tridje året skal de så og hausta og planta vinhagar og eta frukti av deim. 30Og leivningen som er att av Juda hus, skyt djupare røter nedantil og ovantil ber han si frukt. 31For ein leivning kjem frå Jerusalem, og ein rest frå Sionsfjellet. Herrens brennhug skal gjera dette. 32Difor segjer Herren so um assyrarkongen: Ikkje skal han koma inn i denne byen, og ikkje skal han skjota nokor pil der inn. Ikkje skal han storma fram mot han med skjold, og ikkje byggja skansar upp imot han. 33Den vegen som han kjem, den skal han heim att fara, i denne byen kjem han ikkje inn, so segjer Herren. 34Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»» 35Det hende seg den natti at Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle ligjande lik. 36Då tok assyrarkongen Sankerib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve. 37Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg Adrammelek og Sareser honom ned med sverd; dei kom seg undan til Araratslandet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.