1I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott; då kom profeten Jesaja Amosson til honom og sagde med honom: «So segjer Herren; «Skila for deg! for du skal døy; du vert ikkje god att.»» 2Då snudde han seg mot veggen og bad til Herren: 3«Å Herre, kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta for di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret. 4Fyrr Jesaja var nådd ut or den indre byen, kom Herrens ord til honom soleis: 5«Gakk inn att, og seg til Hizkia, fyrsten yver folket mitt: «So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di, og set tårorne dine. Sjå, eg gjer deg god att; i yvermorgon skal du ganga upp til Herrens hus. 6Eg aukar alderen din med femtan år. Or handi åt assyrarkongen bergar eg deg og denne byen. Ja, denne byen vernar eg for mi skuld og for David skuld, tenaren min.»» 7Då sagde Jesaja: «Henta ei fikekaka!» Dei so gjorde, og lagde henne på verken. Og han friskna til att. 8Hizkia sagde til Jesaja: «Kva skal eg hava til merke på at Herren gjer meg god att, so eg i yvermorgon kann ganga upp til Herrens hus?» 9Jesaja svara: «Dette gjev Herren deg til merke på at Herren held det han lovar: Skal skuggen ganga ti strik fram, eller skal han no ganga ti strik attende?» 10Hizkia svara: «Lett er det for skuggen å tøygja seg ti strik fram; nei, lat skuggen ganga attende ti strik!» 11Profeten Jesaja ropa til Herren, og han let skuggen på solskiva åt Ahaz ganga attlenges dei ti striki som han nett hadde gjenge fram. 12Kring den tid sende Babel-kongen Berodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia; for han hadde spurt at Hizkia hadde vore sjuk. 13Då Hizkia hadde høyrt på deim, synte han deim heile forrådshuset sitt, sylvet og gullet, og angande kryddor og kosteleg olje, og våpnhuset alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim. 14Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei.» 15«Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst, hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.» 16Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr Herrens ord! 17Dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren. 18Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.» 19Hizkia svara Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Han tenkte: «Berre det vert fred og trygd so lenge eg liver!» 20Det som elles er å fortelja um Hizkia og alle hans storverk, kor han bygde dammen og vatsleidingi, og førde vatnet til byen, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 21Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.