1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, han er fødd av Gud; og kvar den som elskar Faderen, han elskar og den som er fødd av honom. 2På dette kjenner me at me elskar Guds born, når me elskar Gud og held hans bod. 3For dette er kjærleiken til Gud, at me held hans bod; og hans bod er ikkje tunge. 4For alt som er født av Gud, det sigrar yver verdi; og dette er den siger som hev sigra yver verdi: vår tru. 5Kven er det som sigrar yver verdi, utan den som trur at Jesus er Guds son? 6Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden er den som vitnar, for Anden er sanningi. 7For dei er tri som vitnar: 8Anden og vatnet og blodet, og desse tri gjeng ut på eitt. 9Dersom me tek imot vitnemål av menneski, so er Guds vitnemål større; for dette er Guds vitnemål, at han hev vitna um son sin. 10Den som trur på Guds son, hev vitnemålet i seg sjølv; den som ikkje trur Gud, han hev gjort honom til ein ljugar, med di han ikkje hev trutt på det vitnemålet som Gud hev vitna um son sin. 11Og dette er vitnemålet, at Gud hev gjeve oss ævelegt liv, og dette livet er i son hans. 12Den som hev Sonen, han hev livet; den som ikkje hev Guds son, han hev ikkje livet. 13Dette hev eg skrive til dykk, so de skal vita at de hev ævelegt liv, de som trur på Guds sons namn. 14Og dette er den frimodige tiltru me hev til honom, at dersom me bed um noko etter hans vilje, so høyrer han oss. 15Og dersom me veit at han høyrer oss, kva me so bed um, so veit me at me hev dei ting som me hev bede honom um. 16Dersom nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje er til dauden, so skal han beda, og han skal gjeva honom liv, ja deim då, som ikkje syndar til dauden. Det finst synd til dauden; for henne segjer eg ikkje at han skal gjera bøn. 17All urettferd er synd, og det finst synd som ikkje er til dauden. 18Me veit at kvar den som er fødd av Gud, han syndar ikkje; men den som er fødd av Gud, varar seg, og den vonde rører honom ikkje. 19Me veit at me er av Gud, og all verdi ligg i det vonde. 20Men me veit at Guds son er komen og hev gjeve oss skyn til å kjenna den Sanne; og me er i den Sanne, i hans son Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det ævelege livet. 21Born, vara dykk for avgudarne!