1Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning. 2Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel. 3For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning. 4Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi. 5Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande, 6og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud. 7For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne. 8Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi. 9Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss. 10Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden. 11Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud. 12Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant. 13Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn. 14Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!