1Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor, som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningarne, at ein held seg med kona åt far sin. 2Og de blæs dykk upp, endå de langt heller skulde syrgja, so den som hev gjort denne gjerningi, kunde verta støytt ifrå dykk! 3For eg, som vel er fråverande med likamen, men nærverande med åndi, eg hev alt dømt, som eg var nærverande, at den som hev gjort dette, 4han skal i vår Herre Jesu Kristi namn, med di de og mi ånd kjem saman i vår Herre Jesu Kristi kraft, 5verta yvergjeven til Satan til tyning av kjøtet, so åndi kann verta frelst på Herren Jesu dag. 6Det er ikkje fagert det som de rosar dykk av. Veit de ikkje, at ein liten surdeig syrer heile deigen? 7Reinsa difor ut den gamle surdeigen, so de kann vera ny deig, liksom de er usyrde; for ogso vårt påskelamb er slagta: Kristus. 8Lat oss so halda helg, ikkje med gamall surdeig, ikkje med vondskap og argskaps surdeig, men med reinleiks og sannings usyrde brød! 9Eg skriv til dykk i brevet, at de ikkje skulde hava umgjenge med horkarar, 10og då meinte eg ikkje horkararne av denne verdi i det heile, eller giruge eller røvarar eller avgudsdyrkarar, for elles laut de ganga ut or verdi; 11men eg skreiv til dykk at de ikkje skal hava umgjenge med nokon, som er kalla bror og er ein horkar eller girug eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i saman med honom. 12For kva hev vel eg med å døma deim som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor? 13men Gud skal døma deim som er utanfor. So støyt då ut den vonde frå dykk sjølve!