1Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage? 2Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker? 3Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting? 4Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden! 5Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin? 6Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar. 7Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil? 8Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør! 9Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi, 10eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike. 11Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande. 12Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg. 13Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen. 14Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft. 15Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå! 16Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.» 17Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom. 18Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam. 19Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne? 20For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam!