1Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar. 2Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar. 3Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira. 4Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner. 5Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne. 6Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar. 7Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja, 8den tridje på Harim, den fjorde på Seorim, 9den femte på Malkia, den sette på Mijamin, 10den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia, 11den niande på Jesua, den tiande på Sekanja, 12den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim, 13den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab, 14den femtande på Bilga, den sekstande på Immer, 15den syttande på Hezir, den attande på Happisses, 16den nittande på Petahja, den tjugande på Ezekiel, 17den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul, 18den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma’azja. 19Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre. 20Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne. 21Av Rehabja-sønerne var Jissia hovdingen; 22av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne. 23Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde. 24Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur. 25Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja. 26Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son. 27Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri. 28Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner. 29Av sønerne åt Kis var høyrde Jerahme’el, 30og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira. 31Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.