1Og David og herhovdingarne skilde ut til gudstenesta sønerne åt Asaf og Heman og Jedutun, som med profetisk eldhug spela på cithrar og harpor og cymblar, og dette er lista på dei mennerne som skulde hadde hava dette gjeremålet: 2Av Asafs-sønerne Zakkur og Josef og Netanja og Asarela, Asafs-sønerne med rettleiding av Asaf, som spela med profetisk eldhug etter tilskiping av kongen; 3Av Jedutun: Jedutuns-sønerne Gedalja, Seri og Jesaja, Hasabja og Mattitja, seks mann, med rettleiding av Jedutun, far deira, som med profetisk eldhug spela takkesongar og lovsongar åt Herren. 4Av Heman: Hemans-sønerne Bukkia, Mattanja, Uzziel, Sebuel og Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Ezer, Josbekasa, Malloti, Hotir, Mahaziot. 5Alle desse var søner åt Heman, som var kongens sjåar, etter den lovnaden gud hadde gjeve, at han vilde hevja upp hornet hans; difor gav Gud Heman fjortan søner og tri døtter. 6Alle desse, kvar med sin far til rettleidar, greidde med songen i Herrens hus, med cymblar, harpor og cithrar, og gjorde soleis tenesta i Guds hus; kongen, Asaf, Jedutun og Heman rettleide dem. 7Og talet på deim og frendarne deira, som var upplærde i songen for Herren, alle dei kunnige, det tvo hundrad og åtte og åtteti. 8Og dei drog strå um kva dei skulde gjera, alle saman, den minste som den største, læraren som læresveinen. 9Og den fyrste luten fall på Asaf, det vil segja på Josef; den andre vart Gedalja, han sjølv med brørne og sønerne sine, tolv i talet; 10den tridje vart Zakkur, han og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 11den fjorde luten fall på Jisri med sønerne og brørne hans, tolv i talet; 12den femte vart Netanja med sønerne og brørne hans, tolv i talet; 13den sette vart Bukkia og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 14den sjuande vart Jesarela og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 15den åttande vart Jesaja og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 16den niande vart Mattanja og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 17den tiande vart Sime’i og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 18den ellevte vart Azarel og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 19den tolvte luten fall på Hasabja med sønerne og brørne hans, tolv i talet; 20den trettande vart Subael og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 21den fjortande vart Mattitja og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 22den femtande luten fall på Jeremot med sønerne og brørne hans, tolv i talet; 23den sekstande vart Hananja og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 24den syttande vart Josbekasa og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 25den attande vart Hanani og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 26den nittande vart Malloti og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 27den tjugande vart Eliata og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 28den ein og tjugande vart Hotir og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 29den tvo og tjugande vart Giddalti og sønerne og brørne hans, tolv i talet; 30den tri og tjugande vart Mahaziot og sønerne og brørne hans, tolv i talet, 31den fire og tjugande vart Romamti-Ezer og sønerne og brørne hans, tolv i talet.