1Herren er konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka. 2Fast er din kongsstol frå fordoms tid, frå æva er du. 3Straumar hev lyft, Herre, straumar hev lyft si røyst, straumar lyfter upp sin dur. 4Men meir enn duren av dei store vatn, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge. 5Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagarne varer.