1Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme. 2Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott! 3Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud. 4Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud! 5Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. Sela. 6Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar. 7Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom. 8Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion. 9Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela. 10Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva! 11For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa. 12For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld. Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!