1Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar! 2Eg vil opna min munn med fyndord, eg vil lata gåtor frå gamall tid strøyma ut. 3Det me hev høyrt og veit, og det våre feder hev fortalt oss, 4det vil me ikkje dylja for deira born, men fortelja Herrens pris for den komande ætti, og hans styrke og hans under, som han hev gjort. 5Han hev sett upp eit vitnemål i Jakob, og ei lov hev han lagt i Israel, som han baud våre feder, til å kunngjera deim for borni, 6so den komande ætti, dei born som skulde verta fødde, kunde kjenna deim, at dei kunde koma fram og fortelja um deim til sine born, 7og setja si von til Gud, og ikkje gløyma Guds verk, men taka vare på hans bodord, 8og ikkje vera som deira feder, ei tver og tråssug ætt, ei ætt som ikkje gjorde sitt hjarta fast, og som i si ånd ikkje var trufast mot Gud. 9Efraims born, dei væpna bogeskyttarar, dei snudde på stridsdagen. 10Dei heldt ikkje Guds pakt og vilde ikkje ferdast i hans lov. 11Og dei gløymde hans storverk og hans under som han hadde synt deim. 12For deira feder hadde han gjort under i Egyptarlandet på Soans mark. 13Han kløyvde havet og let deim ganga igjenom, og let vatnet standa som ein haug. 14Og han leidde deim med skyi um dagen, og heile natti ved elds ljos. 15Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup. 16Og han let bekkjer koma or fjellet og fekk vatn til å renna ned som elvar. 17Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki. 18Og dei freista Gud i sitt hjarta, so dei kravde mat for si lyst. 19Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki? 20Sjå, han slo i berg, so vatn rann ut, og bekkjer fløymde. Tru han og kann gjeva brød, eller koma med kjøt til sitt folk?» 21Difor, då Herren høyrde det, vart han harm, og eld loga upp mot Jakob, og vreide reiste seg mot Israel; 22for dei trudde ikkje på Gud og leit ikkje på hans frelsa. 23Og han gav skyerne ovantil, og himmelportarne let han upp. 24Og han let manna regna yver deim til føda, og himmelkorn gav han deim. 25Englebrød fekk menneskje eta, nista sende han deim til mette. 26Han let austanvinden fara ut i himmelen, og han førde sunnanvinden fram ved si magt. 27Og han let kjøt regna yver deim som dust, og fljugande fuglar som havsens sand, 28og han let deim falla ned midt i deira læger, kringum deira bustader. 29Og dei åt og vart ovleg mette, og det dei hadde hug på, let han deim få. 30Dei var ikkje komne burt frå si lyst, endå hadde dei maten i munnen, 31då steig Guds vreide upp imot deim, og han drap deira sterke menner hjå deim, og Israels ungdomar slo han ned. 32Med alt dette synda dei endå, og dei trudde ikkje på hans under. 33Og han let deira dagar kverva i fåfengd, og deira år i rædsla. 34Når han slo deim ned, då spurde dei etter honom, og vende um og søkte Gud, 35og kom i hug at Gud var deira berg og den høgste Gud var deira atterløysar. 36Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga. 37Og deira hjarta hekk ikkje fast ved honom, og dei var ikkje true mot hans pakt. 38Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm. 39Og han kom i hug at dei var kjøt, ein andepust som kverv og ikkje kjem att. 40Kor ofte dei tråssa honom i øydemarki og gjorde honom sorg i audni! 41Og dei freista atter Gud og krenkte Israels Heilage. 42Dei kom ikkje handi hans i hug, eller den dagen då han fria deim frå fienden, 43då han gjorde sine teikn i Egyptarland, og sine undergjerningar på Soans mark. 44Og han gjorde deira elvar til blod, og sine rennande vatn kunde dei ikkje drikka. 45Han sende imot deim flugesvermar som åt deim upp, og froskar som tynte deim. 46Og han gav deira grøda til gnagaren og deira arbeid til grashoppen. 47Han slo deira vintre ned med hagl og deira morbærtre med haglsteinar. 48Og han gav deira fe til haglet og deira hjorder til eldingarne. 49Han sende på deim sin brennande vreide, sinne og harm og trengsla, ei sending av uferds-englar. 50Han braut veg for sin vreide, han sparde ikkje deira sjæl for dauden, og deira liv gav han til sotti. 51Og han slo alle fyrstefødde i Egyptarland, fyrstegrøda av dei sterke i Khams tjeld. 52Og han let sitt folk fara av stad som sauer, og førde deim som ei hjord i øydemarki. 53Og han leidde deim trygt, og dei ræddast ikkje, men havet løynde deira fiendar. 54Og han førde deim til sitt heilage landmerke, det fjell som hans høgre hand hadde vunne. 55Og han dreiv ut heidningar for deim, og let deira land falla til deim som arv, og let Israels ætter bu i deira tjeld. 56Men dei freista Gud, den Høgste, og tråssa honom, og hans vitnemål agta dei ikkje på. 57Og dei veik av og var utrugne som deira feder, dei vende um som ein veik boge. 58Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar. 59Gud høyrde det og vart vreid, og han vart svært leid av Israel. 60Og han gjekk burt frå sin bustad i Silo, det tjeld han hadde slege upp millom menneskje. 61Og han let sin styrke verta førd burt som fange, og gav si æra i fiendehand. 62Og han gav sitt folk til sverdet, og på sin arv harmast han. 63Eld åt deira unge menner, og deira møyar fekk ingen bruresong. 64Deira prestar fall for sverdet, og deira enkjor fekk ikkje syrgja 65Då vakna Herren som ein sovande, som ei kjempa frå rus av vin. 66Og han slo sine fiendar attende, og han førde yver deim æveleg skam. 67Og han støytte burt Josefs tjeld, og Efraims ætt valde han ikkje ut. 68Men han valde Judas ætt, Sions fjell som han elska. 69Og han bygde sin heilagdom som høge fjell, liksom jordi som han hev grunnfest til æveleg tid. 70Og han valde ut David, sin tenar, og tok honom frå sauegrindarne. 71Han førde honom frå lambsauerne som han fylgde, til å gjæta Jakob, sitt folk, og Israel, sin arv. 72Og han gjætte deim etter sitt ærlege hjarta, og med si kloke hand leidde han deim.