1Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege!
2Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge!
3Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither.
4For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa.
5Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje.
6Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand,
7til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi,
8til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband,
9til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!