1Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar, 2de som stend i Herrens hus, i fyregardarne til vår Guds hus! 3Lova Herren, for Herren er god! Syng lov for hans namn, for det er yndelegt. 4For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom. 5For eg veit at Herren er stor, og vår Herre er meir enn alle gudar. 6Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup, 7han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind, 8han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland både av folk og fe, 9som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar. 10Han som slo mange heidningefolk og drap megtige kongar, 11Sihon, amoritarkongen, og Basans konge Og, og alle Kana’ans kongerike, 12og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk. 13Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt. 14For Herren skal døma sitt folk og ynkast yver sine tenarar. 15Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender. 16Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje, 17dei hev øyro, men høyrer ikkje, og ingen ande er i deira munn. 18Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim. 19Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren! 20Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren! 21Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!