1Men so reiste det seg eit stort skrik frå folket og frå konorne deira mot dei jødiske brørne deira. 2Sume sagde: «Me og sønerne og døtterne våre er mange, so lat oss få korn, so me kann eta og berga livet!» 3Og sume sagde: «Åkrarne og vinhagarne og husi våre lyt me setja i pant for å få korn i dyrtidi!» 4Og andre sagde: «Me hev lote låne pengar på åkrarne og vinhagarne våre til å greida skatten til kongen. 5No er då våre kroppar likso gode som kropparne åt brørne våre, og våre born er jamgode med deira born. Like vel lyt me gjera sønerne og døtterne våre til trælar. Ja, sume av døtterne våre er alt trælka; og me hev ikkje magt til å hindra det; for åkrarne og vinhagarne våre høyrer dei hine til.» 6Eg vart brennande harm då eg høyrde skriket deira og desse ordi. 7Då eg hadde samrådt meg med meg sjølv, skjemde eg på dei adelborne og formennerne og sagde til deim: «Oker er det de driv med brørne dykkar!» So stemde eg saman til eit stort folkemøte mot deim. 8Og eg sagde til deim: «Etter evna hev me kjøpt frie dei jødiske brørne våre som var selde til heidningarne. Og so gjeng det burt og sel brørne dykkar, so dei lyt selja seg til oss!» Då tagde dei og fann inkje ord for seg. 9Og eg sagde: «Det er ikkje fint å fara åt soleis som det hev gjort. De burde då ferdast i otte for vår Gud, so ikkje heidningarne, fiendarne våre, skulde få grunn til å spotta oss. 10Eg og frendarne mine og drengjerne mine hev og pengar og korn å krevja av deim. Lat oss strukja den skuldi! 11Og de - kjære væne, gjev attende i dag åkrane og vinhagarne og oljeplantingarne og husi deira, og gjev deim etter rentorne det kunde krevja av deim av pengarne og kornet og druvesafti og oljen!» 12Dei svara: «Me gjev det attende og gjev upp kravi på deim. So som du hev sagt, vil me gjera.» Eg tok deim i eid, etter eg hadde kalla prestarne til, at dei skulde halda dette vedtaket. 13Og eg skok kappelumma mi med dei ordi: «Soleis skal Gud skaka frå hus og eiga kvar ein som ikkje held dette vedtaket; ja, soleis skal han verta skjeken og tom.» Og heile lyden sagde: «Ja, ja!» Og dei lova Herren, og heile folket gjorde etter dette vedtaket. 14Dessutan lyt eg nemna: Frå den dagen eg vart utnemnd til jarl yver Jødeland, frå det tjugande til det tvo og trettiande styringsåret åt kong Artahsasta, i tolv år, hev korkje eg eller frendarne mine ete av jarlekosten. 15Dei fyrre jarlarne, fyre min tid, tyngde på folket, og tok brød og vin av deim til yver fyrti lodd sylv. Jamvel drengjerne deira spela meister yver folket. Av age for Gud for ikkje eg åt soleis. 16Dessutan var eg med og bygde på muren. Og ingen åker hev me kjøpt oss. Endå alle drengjerne mine hev vore samla til byggjearbeidet. 17Og jødarne og formennerne, eit hundrad og femti mann, åt ved mitt bord, umfram deim som kom til oss frå heidningfolki rundt ikring. 18Og det vart tillaga på min kostnad kvar dag ein ukse og seks utvalde sauer, umfram fuglar, og tiande kvar dag mykje vin av alle slag; like vel kravde eg ikkje jarlekosten, for arbeidet låg tungt på dette folket. 19Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg hev gjort for dette folket!