1I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom, 2og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor, 3og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde. 4Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til honom frå byarne rundt ikring, sagde han i ei likning: 5«Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen og vart nedtrakka, og fuglarne i lufti åt det upp. 6Sumt fall på berg, og då det voks upp, skein det burt, av di det ikkje hadde væta. 7Sumt fall millom klunger, og klungeren voks med og kjøvde det. 8Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll.» Som han sagde det, ropa han: «Høyr etter, kvar som høyra kann!» 9Læresveinarne spurde honom kva den likningi skulde tyda. 10Då sagde han: «De fer vita løyndomarne i Guds rike, men dei andre fær høyra deim i likningar, so um dei ser, skal dei ’kje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje håtta. 11Men likningi er so å tyda: Sædet er Guds ord. 12Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste. 13Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bil, men i freistingsstundi fell dei frå. 14Det som fall millom klungeren, det er dei som høyrer det, men so gjeng burt og vert kjøvde i suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda. 15Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vænt og godt hjarta, og ber grøda i tolmod. 16Ingen kveikjer eit ljos og gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; alle set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken. 17For det finst ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert berrsynt, og ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen. 18Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.» 19Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna honom, men kunde ikkje koma innåt honom for folkestimen. 20Då fekk han det bodet: «Mor di og brørne dine stend utanfor og vil sjå deg.» 21Han svara: «Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.» 22Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinarne var med, og han sagde til deim: «Lat oss fara yver til hi sida av vatnet!» So lagde dei utpå, 23og med dei siglde, sovna han. Og det for ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre. 24Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Meister, meister, me gjeng under!» Jesus reis upp og aga vinden og bårorne, so dei lagde seg, og det vart blikende stilt. 25So sagde han til deim: «Kvar er trui dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring, og sagde seg imillom: «Kven tru han er, denne mannen som jamvel vindarne og vatnet lyder når han talar til deim?» 26So sigla dei fram til Gerasenar-bygdi, som ligg midt imot Galilæa. 27Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot honom. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i honom. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholorne. 28Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føterne hans og sagde med høg røyst: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!» 29For Jesus sagde til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe honom mange vendor - då batt dei honom med lekkjor og fotjarn, og heldt vakt yver honom; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv honom ut i øydemarkerne -. 30«Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion,» svara han; for det hadde fare mange ånder i honom, 31og dei bad at han ikkje vilde lata deim fara ned i avgrunnen. 32No var det der ein stor flokk med svin som gjekk og beitte i fjellet; so bad ånderne at han vilde gjeva deim lov til å fara inn i svini, og det gav han deim lov til. 33Då for dei ut or mannen, og for i svini; og heile flokken sette utyver stupet ned i vatnet og druknast. 34Då gjætarane såg kva som hende, rømde dei, og sagde frå um det i byen og på gardarne. 35Då gjekk folk ut og vilde sjå kva som hendt var. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at mannen som dei vonde ånderne hadde fare ut or, sat klædd nedmed føterne hans, og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde; 36og då dei som hadde set det, fortalde korleis den forgjorde hadde vorte berga, 37kom heile ålmugen frå bygderne der ikring, Gerasenar-bygderne, og bad at han vilde fara burt ifrå deim; for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende. 38Mannen som ånderne hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå honom; men Jesus sende honom frå seg og sagde: 39«Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom. 40Då Jesus kom att, bad folket honom vera velkomen; for alle venta på honom. 41Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus, og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for Jesu føter og bad honom koma heim til seg; 42for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, trengde folket seg um honom på alle kanter. 43Millom deim var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk; 44ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi. 45«Kven var det som tok i meg?» spurde Jesus. Alle neitta, og Peter og felagarne hans sagde: «Meister, det er folket som trykkjer og trengjer deg!» 46«Det var ein som tok i meg,» sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.» 47Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong. 48Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!» 49Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!» 50Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sagde til honom: «Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!» 51Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet. 52Alle gret og jamra yver henne; men han sagde: «Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.» 53Men dei berre log åt honom; for dei visste at ho var slokna. 54So tok han henne i handi og ropa: «Ris upp, barn!» 55Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sagde med deim at dei skulde gjeva henne mat. 56Foreldri hennar var reint frå seg av gleda. Men han forbaud deim å tala til nokon um det som var hendt.