1Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne, 2og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?» 3«Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg: 4Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk? 5Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?» 6og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.» 7So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.» 8«Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus. 9So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva. 10Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender. 11So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome. 12Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut. 13«Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!» 14Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!» 15So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim? 16Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!» 17Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?» 18Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.» 19Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si. 20So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen. 21Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi - 22er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 23Men han gådde listi deira og sagde til deim: 24«Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei. 25«Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» 26Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde. 27So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde: 28«Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin. 29No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus. 30So gifte den andre seg med henne, 31og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg. 32Til slutt døydde kona og. 33Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.» 34Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte; 35men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; 36dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv. 37Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. 38Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.» 39Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.» 40Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko. 41So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son? 42David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, 43til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»» 44So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?» 45Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det: 46«Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod! 47dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»