1Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde med deim: 2«Tala til Israels-folket og seg: «Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som liver på jordi: 3Alle dyr som hev klauver og jortar, deim kann de eta. 4Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk, 5og bergtassen, for han og jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk, 6og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk, 7og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. 8Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva deim; dei skal vera ureine for dykk. 9Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet, i havet og i elvarne, og hev uggar og reist, kann de eta. 10Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller å, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk. 11Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kropparne deira. 12Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk. 13Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ufysne: Ørnen og gribben og sjøørnen 14og glenta og heile falkeætti 15og alle fuglar av ramneætti 16og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag 17og kattula og kavfuglen og stunulven 18og kveldknarren og pelikanen og etslegribben 19og storken og heidloi med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja. 20Alt krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk: 21Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføterne hev leggjer til å hoppa på marki med. 22Av det kann de eta dei slagi som dei kallar fljugaren og slukaren og springaren og sprettaren. 23Men alt anna krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk. 24No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds, 25og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds -: 26Alle dyr som hev høver, og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim, vert urein. 27Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim når dei er daude, han er urein alt til kvelds, 28og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk. 29Av alle smådyr som røyver seg på jordi er det fyrst og fremst desse som skal vera ureine for dykk: Røysekatten og musi og alle fjorføtleslag, 30og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og litkvervingen. 31Deim skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær deim når dei er daude, er urein alt til kvelds. 32Og alt det som dei dyri dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekkjer og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn, og er ureint alt til kvelds; sidan er det reint. 33Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og han skal slåast sund. 34All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i. 35Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; er det ein bakaromn eller ei eisa, so skal dei rivast ned; dei er ureine, og skal vera ureine for dykk. 36Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, er like reine; men den som tek i den daude kroppen som ligg der, vert urein. 37Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint, 38men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk. 39Daudar noko av dei dyri som skal vera til føda for dykk, so er den som kjem nær skrotten deira urein alt til kvelds, 40den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og er urein alt til kvelds. 41Alt kreket som krelar på marki, er ein styggedom, og må ikkje etast. 42Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; for det er ufyse. 43Gjer dykk ikkje sjølve ufysne med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine! 44Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki. 45Kom i hug: Eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag. 46Dette er lovi um dyri og fuglarne og alt det livande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi, 47so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast frå deim, som ikkje må etast.»»