1Jesus gjekk til Oljeberget. 2Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim. 3Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom 4og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor. 5Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?» 6Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki. 7Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!» 8So lutte han seg ned att, og skreiv på marki. 9Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der. 10Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?» 11«Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!» 12So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.» 13Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.» 14Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. 15De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen; 16men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman. 17Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter. 18Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.» 19«Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.» 20Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi. 21Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.» 22«Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»» 23Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi; 24difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.» 25«Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus. 26«Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.» 27Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um. 28Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det. 29Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.» 30Då han tala so, trudde mange på honom. 31So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine, 32og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.» 33«Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»» 34Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi. 35Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid. 36Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie. 37Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk. 38Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.» 39«Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde; 40men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham. 41De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!» 42Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg. 43«Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine! 44De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni. 45Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje. 46Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje? 47Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.» 48Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?» 49Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer. 51Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.» 52«No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.» 53Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?» 54Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud, 55men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord. 56Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.» 57«Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!» 58Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.» 59Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.