1Det var ein mann av farisæarflokken som heitte Nikodemus, ein av rådsherrarne åt jødarne. 2Han kom ein gong til Jesus um natti og sagde: «Rabbi, me veit at du er ein lærar som er komen frå Gud; for ingen kann gjera desse teikni som du gjer, utan Gud er med honom.» 3Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Ingen kann sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.» 4Nikodemus segjer til honom: «Korleis kann ein som er gamall verta fødd? han kann då vel ikkje koma inn i livet åt mor si andre gongen, og fødast til verdi!» 5Jesus svara: «Det segjer eg deg for sant og visst: Utan ein vert fødd av vatn og ånd, kann han ikkje koma inn i Guds rike. 6Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av åndi, er ånd. 7Undrast ikkje på at eg sagde med deg: De lyt fødast på nytt! 8Vinden blæs kvar han vil, og du høyrer han tyt, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av åndi». 9«Korleis kann det ganga til?» spurde Nikodemus. 10«Du er Israels lærar, og veit ikkje det!» svara Jesus. 11«Det segjer eg deg for visst og sant: Me talar um det me veit, og vitnar um det me hev set, men de tek ikkje imot vitnemålet vårt! 12Når eg hev tala til dykk um det som høyrer jordi til, og de ikkje trur, korleis skal de då tru når eg talar til dykk um det som høyrer himmelen til? 13Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskjesonen, som var i himmelen. 14Og liksom Moses lyfte upp ormen i øydemarki, soleis lyt Menneskjesonen lyftast upp, 15so kvar den som trur, skal hava æveleg liv i honom. 16For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv. 17For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved honom. 18Den som trur på honom, vert ikkje dømd; den som ikkje trur, er alt dømd, for di han ikkje hev trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19Og dette er domen: Ljoset hev kome til verdi, og menneski lika myrkret betre enn ljoset, for gjerningarne deira var vonde. 20For kvar den som driv på med det som låkt er, hatar ljoset, og kjem ikkje til ljoset; for han vil ikkje at gjerningarne hans skal koma upp i dagen, slike dei er. 21Men den som gjer etter sanningi, kjem til ljoset, so gjerningarne hans kann verta synberre; for dei er gjorde i Gud.» 22Sidan kom Jesus og læresveinarne hans til Juda-bygderne, og der var han ei tid med deim, og døypte. 23Johannes døypte og då; det var i Ænon, tett med Salim, han døypte; for det var mykje vatn der; og folk kom dit og let seg døypa. 24Den tid var Johannes endå ikkje sett i fengsel. 25So vart det eit ordskifte millom læresveinarne åt Johannes og ein Juda-mann um reinsingi. 26Og dei kom til Johannes og sagde: «Rabbi, han som var i hop med deg på hi sida åt Jordan, han som du hev vitna for, han døyper, og alle kjem til honom.» 27Johannes svara: «Eit menneskje kann ikkje få noko, utan det er gjeve honom frå himmelen. 28De er sjølve vitni mine at eg sagde: «Eg er ikkje Messias,» men: «Eg er send fyre honom.» 29Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål. 30Han lyt veksa, eg lyt minka. 31Den som kjem ovantil, er yver alle; den som er frå jordi, er av jordi, og det han talar, er av jordi. Den som kjem frå himmelen, er yver alle; 32det han hev set og høyrt, det vitnar han um, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33Den som hev teke imot hans vitnemål, hev stadfest at Gud er sannordig. 34For den som Gud sende, talar Guds ord; for Gud gjev honom Anden umælt. 35Faderen elskar Sonen, og hev gjeve alt i hans hender. 36Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje lyder Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver honom».