1I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud. 2Han var i upphavet hjå Gud. 3All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til. 4I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski. 5Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det. 6Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans. 7Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom. 8Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset. 9Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi. 10Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje. 11Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom. 12Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans, 13som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning. 15Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.» 16Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde; 17for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi vart til ved Jesus Kristus. 18Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort honom kjend. 19So var vitnemålet Johannes gav då jødarne sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja honom: «Kven er du?» 20Då sagde han beint ut, og dulde ikkje fyre det; han sagde beint ut: «Eg er ikkje Messias.» 21«Kva er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» sagde han. «Er du profeten?» «Nei,» svara han. 22«Kven er du?» sagde dei då - «so me hev eit svar å gjeva deim som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?» 23Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: «Beinka vegen åt Herren!» som profeten Jesaja segjer.» 24Dei som var sende, høyrde til farisæarflokken. 25So spurde dei honom: «Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elia, og ikkje profeten?» 26«Eg døyper med vatn,» svara Johannes; «midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner: 27han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.» 28Dette gjekk fyre seg i Betania, på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte. 29Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg, og segjer: «Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd! 30Det er han eg sagde det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg. 31Eg kjende honom ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.» 32Og Johannes vitna: «Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver honom. 33Eg kjende honom ikkje, men han som sende meg til å døypa med vatn, han sagde til meg: «Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.» 34Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.» 35Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinarne sine. 36Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: «Sjå der er Guds lamb!» 37Dei tvo læresveinarne høyrde kva han sagde, og fylgde etter Jesus. 38Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter honom, sagde han til deim: [Stu21: 39] «Kva vil de?» «Kvar bur du, rabbi?» spurde dei - rabbi tyder meister -. 39[Stu21: 40] «Kom, so skal de sjå!» svara han. So gjekk dei med honom, og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå honom den dagen. Det var ikring tiande timen. 40[Stu21: 41] Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus. 41[Stu21: 42] Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til honom: «Me hev funne Messias!» - Messias er det same som Kristus -. 42[Stu21: 43] Han tok honom med seg til Jesus. Jesus såg på honom og sagde: «Du er Simon Johannesson; du skal kallast Kefas!» - Kefas er det same som Peter -. 43[Stu21: 44] Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilæa. Han møter Filip, og segjer til honom: «Fylg meg!» 44[Stu21: 45] Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå. 45[Stu21: 46] Filip møter Natanael, og segjer til honom: «Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetarne hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.» 46[Stu21: 47] «Kann det koma noko godt frå Nasaret?» sagde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. 47[Stu21: 48] Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sagde um honom: «Sjå der er ein egte israelit, ein som det ikkje finst svik i!» 48[Stu21: 49] Natanael segjer til honom: «Kvar kjenner du meg ifrå?» «Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg,» svara Jesus. 49[Stu21: 50] Då tok Natanael til ords og sagde til honom: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!» 50[Stu21: 51] «Trur du for di eg sagde deg at eg hadde set deg innunder fiketreet?» svara Jesus; «du skal få sjå større ting enn det. 51[Stu21: 52] Det segjer eg dykk for visst og sant,» sagde han med honom: «De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskjesonen.»