1Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette, 2medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr? 3Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat? 4Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi? 5Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid? 6Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider. 7På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem ’kje att til deim. 8Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr, 9som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad? 10Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren. 11Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå. 12Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba? 13Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg? 14Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid? 15Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda? 16Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik? 17Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim; 18ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras. 19Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast. 20For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit. 21Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann. 22Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån? 23Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg. 24Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk. 25Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um, 26det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot. 27Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng. 28Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop! 29Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud? 30Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.»