1Og Elihu heldt fram og sagde: 2«Vent litt og lat meg tala til deg! For endå hev eg ord for Gud; 3eg hentar kunnskap langan leid, skal hjelpa skaparen til rett. 4For visst, mitt ord skal ikkje ljuga; framfor deg stend ein full-lærd mann. 5Sjå, Gud er sterk, men vander ingen, han som er veldug i forstandskraft. 6Han let ’kje gudlaus mann få liva; men armingarne gjev han rett. 7Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt. 8Um dei i lekkjor bundne vart og i ulukkesnaror fanga, 9so synar han deim deira ferd og brot - at dei ovmoda seg - 10til refsing opnar øyro deira og byd deim venda um frå syndi. 11Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom; 12um ikkje, fær dei styng av spjotet, og i sin dårskap andast dei. 13Men vreiden trivst i vonde hjarto; dei bed ’kje, um dei bundne vert; 14i ungdomstidi skal dei døy, forgangast som utukt-sveinar. 15Han frelser arming ved hans naud, opnar hans øyro gjenom trengsla. 16Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter. 17Men fær du straff som syndug mann, i fall hans domsord held deg fast. 18Lat ikkje tukti avla vreide, den tunge bot deg leida vilt! 19Kann klaga hjelpa deg or naud, kor mykje enn du stræva vil? 20Du må ’kje lengta etter natti då folk vert rykte frå sin stad! 21Gjev agt, so ei til synd du vender, for det du heller vil enn lida. 22Sjå, Gud er upphøgd i sitt velde; kven er ein lærar slik som han? 23Kven hev vel vegen lagt for honom? Kven sagde vel: «Du hev urett gjort?» 24Hugs på å prisa høgt hans verk, som menneski hev sunge um! 25Kvart menneskje med lyst det ser, mann-ætti ser det langan leid. 26Upphøgd, uskynande er Gud, hans liveår kann ingen telja, 27for han dreg vatsdroparne, so det vert regn av skodde-eim. 28Og ifrå skyerne det fløymer og dryp ned yver mange folk. 29Kven skynar vel skyhoparne og torebraket frå hans hytta? 30Han breider ljoset sitt ikring seg og let det hylja havsens røter. 31Soleis han dømer folkeslag og skiftar brød i ovmengd ut. 32Han sveiper henderne i ljos og sender det mot fienden. 33Hans tora meldar um hans koma, ja, feet varslar når han kjem.