1Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde: 2«Er mannen vel til gagn for Gud? Nei, vitug mann seg sjølv mun gagna. 3Hev Allvald bate av di rettferd? Er det hans vinst, at rett du ferdast? 4Er det din gudlegdom han refser, når han med deg held rettargang? 5Hev ei din vondskap vore stor og dine syndar utan ende? 6Grunnlaust du panta dine brøder; halvnakne drog du klædi av; 7den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne negta du ditt brød. 8Det er den sterke som eig landet, den stolte hev si bustad der. 9Du jaga enkjor burt tomhendt’ burt, slo armen av på faderlause. 10Difor ligg snaror kringum deg, og rædsla skræmer deg so brått. 11Ell’ vert du ikkje myrkret var, den flaum som fossar yver deg? 12Bur ikkje Gud i himmelhøgd, sjå øvste stjernor, høgt dei sit! 13Du segjer so: «Kva veit vel Gud? Kann attum skyerne han døma? 14For skyer dimmer augo hans; han hev sin gang på himmelkvelven.» 15Seg, vil du fylgja fortids-vegen, den stig som illverksmenner gjekk? 16Dei som i utid tekne vart - og deira grunn flaut burt i flaum - 17som sagde til Gud: «Haldt du deg burte!» Kva skulde Allvald vel deim gjera? 18Endå han signa deira hus - langt burt frå meg med gudlaus råd! 19Rettvise folk det såg med gleda, og den skuldlause spotta deim: 20«Fiendarn’ våre gjekk til grunns! Sjå elden øydde det dei leivde!» 21Vert ven med honom, og få fred! So skal og lukka timast deg. 22Og tak so lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta! 23Vend um til Allvald, då du byggjest og jagar syndi frå ditt tjeld. 24Kast gullet ditt i moldi ned - Ofir-gull millom bekkjesteinar. 25Allvald skal vera då ditt gull og haugar utav sylv for deg. 26Då skal du frygda deg i Allvald, di åsyn lyfta upp til Gud. 27Og når du ropar, vil han høyra, so du kann halda det du lovar. 28Det du deg etlar, skal du vinna, og ljos skal skina på din veg. 29Gjeng vegen ned, du ropar: «Upp!» Han hjelpar den bljug-øygde mann. 30Ja, ikkje-skuldfri mann han bergar, frelst vert han ved di reine hand.»