1Men myrker skal ikkje verta verande i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, hev han late landet åt Sebulon og Naftali vera lite vyrdt, men i framtidi skal han lata vegen attmed havet koma til æra, landet på hi sida åt Jordan, heidningkrinsen. 2Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver deim som bur i daudskugge-landet, skal ljoset stråla. 3Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift. 4For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen. 5For kvar ein styvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden. 6For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste. 7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette. 8Eit ord sender Herren mot Jakob, det slær ned i Israel, 9og heile folket skal merka det, Efraim og Samaria-buarne, som i hjartans storlæte og ovmod segjer: 10«Tiglmurar hev rundt saman, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbertre er felte, men me skal setja cedertre i staden.» 11Difor reiser Herren Resins uvener mot deim og eggjar fiendarne deira, 12syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi. 13Men folket vende ikkje um til honom som slær det, Herren, allhers drott, søkjer dei ikkje. 14Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag. 15Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen. 16For dei som fører folket, fører vilt, og dei som let seg leida, gjeng til grunnar. 17Difor kann ikkje Herren gleda seg yver ungdomarne deira og ikkje heller hava medynk med dei farlause og enkjorne; for alle saman so er dei gudlause og gjer det vonde, og kvar munn talar dårskap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi. 18For gudløysa brenn som eld, øyder torn og tistel og kveikjer i den tjukke skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk. 19Ved harmen til Herren, allhers drott, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre. 20Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm: 21Manasse et Efraim og Efraim Manasse; og båe tvo til saman kastar seg yver Juda. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.