1So segjer Herren: Himmelen er min stol, og jordi mi fotskor. Kva hus vil de då byggja åt meg, og kvar skulde vera min kvilestad? 2Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Den som eg vil sjå til, er den arme og hugbrotne, og den som skjelv for mitt ord. 3Slagta ein stut er som drep ein mann, ofra eit lamb som å tyna ein hund, ofra grjonoffer som ofra svineblod, brenna røykjelse som hylla ein avgud. Som dei hev valt sine eigne vegar, og dei likar si ufysna, 4so vil eg og velja deira vanlukka og føra yver deim det som dei ræddast, for di ingen svara då eg ropa, og dei høyrde ikkje då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo og valde det som eg ikkje lika. 5Høyr då Herrens ord, de som skjelv for hans ord! Dykkar brøder som hatar dykk, segjer, dei som støyter dykk burt for mitt namn skuld: «Lat Herren syna seg herleg, so me kan sjå dykkar gleda!» Men dei skal verta til skammar. 6Høyr gnyen frå byen! Høyr omen frå templet! Høyr, Herren gjev sine fiendar lika for deira verk! 7Fyrr ho vert barnsjuk, hev ho født, fyrr riderne kjem, hev ho fenge ein gut. 8Kven hev høyrt um slikt? Kven hev sovore set? Kjem eit land til verdi på ein einaste dag? Kann eit folk verta født med ein einaste gong? For Sion vart barnsjuk og fødde med same sønerne sine. 9Skuld’ eg opna morsliv og ei gjeva føding? segjer Herren. Eller gjeva føding, og so halda fosteret att? segjer din Gud. 10Gled dykk med Jerusalem og jubla yver henne, alle som hev henne kjær! Fegnast storleg med henne, alle de som ber sorg for henne! 11So kann de suga og mettast av hennar hugsvalande barm, so de kann drikka og kveikjast av hennar herlege rikdom. 12For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv, og herlegdomen hjå folki som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk. 13Som mori trøystar sin son, soleis skal eg trøysta dykk, ja, i Jerusalem skal de få trøyst. 14De skal sjå det, og hjarta dykkar skal fegnast, og beini dykkar skal friskna som graset, og merkast skal Herrens hand hjå hans tenarar, men hans harm er yver hans fiendar. 15For sjå, Herren kjem i eld, og hans vogner er som ein storm, hans vreide skal råka med brennande harm, hans trugsmål med logande eld. 16For Herren held dom med eld, og med sverdet sitt yver alt kjøt, og mange vert dei som Herren hev drepe. 17Dei som helgar og reinsar seg for hagarne etter ein som er midt millom deim, dei som svinekjøt et og ufysne dyr, ja myser, dei skal tynast alle i hop, segjer Herren. 18Eg kjenner deira gjerningar og deira tankar. Den tid kjem då eg samlar alle folk og tungemål, og dei skal koma og sjå min herlegdom. 19Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki. 20Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslagi til offergåva åt Herren, på hesteryggen, på vogner, i berestolar, på muldyr og på kamelar, upp til mitt heilage fjell i Jerusalem, segjer Herren, liksom Israels-borni kjem med offergåva i reine skåler til Herrens hus. 21Og jamvel av deim vil eg taka ut levitiske prestar, segjer Herren. 22For liksom den nye himmelen og den nye jordi som eg skaper, skal standa for mi åsyn, segjer Herren, so skal og dykkar ætt og dykkar namn standa. 23Kvar månad på nymånedagen og kvar vika på kviledagen skal alt kjøt koma og kasta seg ned for mi åsyn, segjer Herren. 24Og dei skal ganga ut og sjå på liki åt dei menner som hev falle frå meg; for makken deira skal ikkje dauda, og elden deira skal ikkje slokna, og dei skal vera ei gruv for alt kjøt.