1På den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Livjatan, den flogsnare ormen, og Livjatan, den krøkjande ormen, og han skal drepa sjøormen. 2På den dagen skal de finnast ein yndeleg vingard, syng um honom: 3«Eg, Herren, er vaktaren hans. Kvar augneblink vatnar eg honom, at ikkje nokon skal heimsøkja honom, vaktar eg honom dag og natt. 4Vreide hev eg ikkje; men vilde tornar og tistlar reisa seg til krig, skulde eg gå laus på deim, brenna deim heilt upp - 5utan so dei vilde fly til mi vern, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.» 6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt. 7Hev han slege honom liksom han slo plågaren hans? Eller vart han myrd liksom mordarane hans vart det? 8Med måte refste du henne, med du sende henne burt. Han dreiv henne burt med sitt harde ver, den dagen austanvinden bles. 9Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir. 10For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvisterne. 11Når greinerne hev vorte turre, bryt dei deim av, kvinnfolki nører upp eld med deim. For dette er ikkje noko vitugt folk. Difor miskunnar deira skapar deim ikkje, og han som laga deim, er deim ikkje nådig. 12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein. 13Og det skal henda på den dagen at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptarlandet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.