1Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne. 2Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans. 3Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette. 4Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast. 5Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti. 6Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde. 7Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade. 8Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither. 9Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk. 10Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn. 11Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet. 12Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys. 13For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi. 14Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast. 15«Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.» 16Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran. 17Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi! 18Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv. 19Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv. 20Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir. 21Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi, 22og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff. 23Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.